Leveranse: Profil • Tekst • logo • Foto • Nettside • Prospekt
I samarbeid med Otterlei eigedom gjer Fjuz hyttedraumar til verkelegheit gjennom små og store eventyr, samt ny profil, identitet, heimeside og digitalt prospekt.
På Kyrkjebygdheia.no kan du no finne drøymehytta. Nettstaden er utvikla av Fjuz i samarbeid med Otterlei – som ynskja ny profil og ein effektiv måte å få folk til fjells, kor dei bygg i eitt med naturen.
Byggherrane og -damene i Otterlei eigedom har som visjon at folk skal trivast i bustadane dei skapar. I samband med utviklinga av den allereie etablerte hyttegrenda hadde dei behov for noko som kunne illustrere Otterlei sine ambisjonar så vel som staden sine kvalitetar. Resultatet vart ny logo, profil, identitet og nettstad.
Etter ein givande workshop sto vi att med ein ny merkevareplattform og ordet «eventyrleg» langt framme i pannebrasken. Ordet kunne brukast til å beskrive både landskapet, vegen opp og fjelldestinasjonen sjølv, frå den Kittelsen-aktige fjellheimen til dei store og små eventyra som venta utanfor hyttedørene på heia. Det var dette ordet som la grunnlaget for den nye identiteten – moderne kvalitet i ei tradisjonell og eventyrleg drakt.
Målet har vert å skape ein nettstad som er enkel å navigere og som samstundes vekker draumar og eventyrlyst ved bruk av bevegelse og foto. I tillegg har me utvikla eit interaktivt hyttekart for framsyning av tomter. Nettstaden er bygd på WordPress med Roots Sage 10 som template, kor alt er tilpassa og utvikla spesielt for kunden.
Det skal godt gjerast å ikkje ta i bruk landsmålet med eit merkenamn som Kyrkjebygdheia. Nynorsken passa perfekt både geografisk og tonalt. At dette var noko kunden ynskja skada heller ikkje. Gjennom workshops og dialog fann vi fram til ei stemme som skulle vekke tillit og samstundes spegle det frie og vakre ved området.