Gjer feil på jobb – bli meir kreativ
Kreativitet kan kome frå kor som helst, så lenge du ikkje sjølv står i vegen. Enklaste måten å sleppe den inn på er å dempe frykta for å gjere feil.
Kreativitet08. 07. 2022
Kreativitet kan kome frå kor som helst, så lenge du ikkje sjølv står i vegen. Enklaste måten å sleppe den inn på er å dempe frykta for å gjere feil.
Kreativitet08. 07. 2022
Frå tidleg av får vi ei innføring i kva som er den korrekte måten å
gjere ting på. Vi lærar at det er eit tydeleg skilje mellom leik og
alvor. At det finnast reglar. Utdanningsløpet gir oss ein fasit for
korleis vi skal tenke og jobbe. Dette systemet er ikkje for alle, særleg
ikkje dei kreative tenkarane. Det meiner i alle fall Sir Ken Robinson,
som seier vi gradvis skulerar oss vekk frå kreativiteten.
«If you’re not prepared to be wrong, you’ll never come up with anything original.» – Sir Ken Robinson
Sjølv om du jobbar i ei kreativ bransje, er det fort gjort å henge seg opp i den rette måten å gjere ting på. Måten som har funka før. Måten som er målbar og som garanterer resultat, raskt. Det er ingenting gale i å velje den trygge ruta i ny og ne. Problemet med denne ruta i kreativt arbeid, er at den er prega av forsiktigheit – kreativitetens erkerival.
Å prøve ei ny rute kan kanskje ende i ein bomtur, men det kan òg ende i nye oppdagingar. Kven veit, kanskje du finn ein ny snarveg, eit knall utkikspunkt, eller ein ny favorittstad. Og jo fleire ruter du prøvar, jo enklare vert det å navigere på sikt.
Av og til er du nøydd å knuse nokre egg for å lage ein kreativ ide. Det vil i alle fall gjere det mykje enklare å kome fram til det originale. Her er nokre enkle tips til korleis du kan køyre feil og knuse egg for å kome i ein kreativ tankeflyt. Akkompagnert av nokre utruleg treffande sitat.
1. Legg vekk det du har lært
Gløym fasitar og system. Ikkje tenk at du kan eller veit noko. Erstatt
svara dine med spørsmål som «treng det å vere slik?» og «kva om
…?». Ver nysgjerrig, snu ting på hovudet og still spørsmål ved alt.
«The open mode is a mood in which curiosity for its own sake can operate, because we’re not under pressure to get a specific thing done properly. We can play.» – John Cleese
2. Bruk deg sjølv
Tenk over kva du sjølv likar og korleis du kan skape akkurat det. Finn gjerne inspirasjon i andre sitt arbeid, men lag det du sjølv ynskjer å lage. Dette vil skine gjennom og resultere i noko som er autentisk og fullt av potensielle feil.
«…play the music you want to hear, write the books you want to read, build the products you want to use – do the work you want to see done.» – Austin Kleon
3. Skriv fritt – tenkt fritt
Tanken bak friskriving er å tømme og rydde tankane med bruk av
intuisjon. Gi deg sjølv ei problemstilling, ei tidsramme og skriv ned alt som fell deg inn. Fritt for pausar, redigering og sjølvkritikk. Kvantitet framfor kvalitet. Korleis du skriv er heilt opp til deg, det kan vere stikkord eller teikningar. Stol på magefølelsen og ha det gøy. Skriv ned 100 idear – 99 dårlege er ofte det som må til for å
finne den perfekte.
«The worst enemy to creativity is self doubt.» – Sylvia Plath
Det er ikkje det å gjere feil som er poenget. Poenget er å dempe
redselen for feilgrep, om det så berre er for ei lita stund. I tillegg til å opne opp for nye og rare tankar, senkar det terskelen og gjer det enklare for deg å føre noko på det blanke arket.
Før du veit ordet av det har dei knuste egga blitt ein fin deig du kan kna og forme som du vil. Ved å repetere slike kreative metodar ofte, vil det hjelpe deg å finne originale koplingar på kortare tid, med mindre slit og meir sjølvtillit.
Så, prøv å gjer litt feil på jobb, eg garanterer at noko riktig vil kome ut av det.